
Demain tout commence
Demain tout commence er ein fransk film basert på ein meksikansk film No se aceptan devoluciones. Filmen følger Samuel. Han lev eit liv med fest og liv, før han brått må ta ansvar for dottera Gloria. Som han ikkje visste fantes før eit tidlegare one night stand dukkar opp.
Handlinga omhandlar utviklinga av forholdet mellom far og dotter. Det er rom for både humoristiske og emosjonelle stunder. Omar Sy og Gloria Colston har ein god kjemi som far og dotter.
Regissør Hugo Gélin har gitt filmen lyse og fargerike bilete, som gir filmen ein lett tone. Eg vel å bruke omgrepet klisjéfylt som ei nøytral skildring her. For filmen består av mange kjente grep, men samhandlingane mellom karakterane verkar ekte. Spesielt samspelet mellom Omar Sy og Gloria Colston.
Samspelet mellom far og dotter får òg ros på Matilda Marseillaise (matildamarseillaise.com). Omtalen trekker fram dei leikne kvardagsstundene som noko av det mest rørande i filmen. Som når dei pussar tennene til kvarandre. Eg tykker slike små augeblikk forklarar kvifor historia fungerer trass i klisjeane. Me trur på forholdet mellom dei. Då blir også dei meir opplagde dramatiske grepa lettare å godta.
Eg tykker at Demain tout commence kan vere ei fin oppleving som ein film om familie. Han kan vere noko føreseieleg, men veit òg å overraske. Og Omar Sy spelar som han ofte gjer med glimt i augo.
