
Den første julen i Skomakergata
Skomaker Andersen frå tv-serien Jul i Skomakergata er tilbake. I ein film som fint står på eigne bein med ei fin historie.
Me blir introdusert for ei ung jente som er på rømmen, og som hoppar av toget den rette staden til å havne i Skomakergata. Med politi og andre i helane søker ho ly i skomakarverkstaden til Andersen. Skomakarane er ein folkesky person på dette tidspunktet.
Og dette utgangspunktet er eit godt eit for både ei alvorleg og morosam førjulsforteljing med spenning og hygge.
Eg prøvde å senke forventingane, etter å ha gitt opp den norske nyinnspelinga av Tre nøtter til Askepott veka før. Og blei både gleda og underhaldt av Den første julen i Skomakergata. Han er ein av dei meir stemningsrike og samanhengane julefilmane eg har sett dei siste, og var ei god kinooppleving.
Ei meir avmålt vurdering finn eg hos Ruben Vestbøstad Vik på Barnevakten (barnevakten.no). Han meiner karakterutviklinga er både naturleg og meiningsfull, men er mindre imponert av filmhandverket og opplever motstandarane som påklistre. Eg får meir glede av heilskapen enn han gjer. Likevel er det nettopp utviklinga til menneska i Skomakergata som gir julehygga noko å kvile på.
