Hopp til hovedinnhold
Plakat for Den siste våren (2023)

Den siste våren

Film
2

Den siste våren byrjar som eit interessant innblikk i livet til to systrer langt oppe i nord. Ei litt stille og yngre søster, og den eldre og utagerande søstera.

Det er eit eller anna med den eldre søstera, og eg var nysgjerrig og interessert i å følge historia dit. Tittelen Den siste våren var òg ein mogleg peikepinn fram mot noko, som gjorde at det som skulle utspele seg fekk litt ekstra tyngde.

Men på eit eller anna tidspunkt om lag halvveges så skeiar filmen fullstendig ut i det kunstnariske og sære. Noko eg absolut ikkje var klar over. Men hadde stemma bak det kunstnariske vore ei anna, med andre meiningar å formidle, så kunne eg ha vore med på det. Eg har ikkje noko i mot ei overrasking sånn i utgangspunktet. Men vendinga Den siste våren tok gjorde at dette blei ei dårleg filmoppleving, alt i alt. Synd var det, for Ruby Dagnall leverer godt, og hadde filmen vald å styre kursen i eit tradisjonelt format så hadde eg vore med på det.

Det er interessant at også ein begeistra kritikar reagerer på slutten. Jan Storø på Cinema (cine.no) meiner at dei draumeaktige scenene etter kvart blir strekte for langt, og at forholdet mellom søstrene burde fått meir plass. Han likar heilskapen langt betre enn eg, men denne innvendinga kjenner eg att. For meg var nettopp kontakten med søstrene det som gjorde byrjinga interessant.