
Den stygge stesøsteren
Den stygge stesøsteren er ein norsk film frå 2025, regissert av Emilie Blichfeldt. Handlinga er laust basert på Askepott-historia, men no følger me stesøstera i staden for Askepott. Elvira, som ho heiter, kjempar for å konkurrere med den vakre stesøstera Agnes. Ho vil gjere alt for å få prins Julian. Ho gjennomgår ei rekke ekstreme kroppsendringar for å nå målet.
Det byrjar bra. Emilie Blichfeldt opnar med eit tydeleg premiss. Men etter kvart sklir filmen ut i for mange retningar. Sjangeren er i retning satirisk svart komedie og kroppshorror. Problemet er at desse tinga aldri heilt går saman. Filmen prøver å vere brutal og ekkel, samtidig som han vil vere eit drama med humor. Det gir meg ein flau smak i munnen.
Eg skjønar kva regissøren vil. Strevet etter det vakre som ideal skal vere ein kommentar til skjønnheitspress. Men balansen fungerer ikkje. Å prøve alt på ein gong fører til at ingenting får ordentleg plass.
Kevin Burd ser ein tydelegare samanheng på Kevin’s Film Reviews (kevinfilmreviews.com). Han meiner endringane Elvira gjer under press frå andre, formidlar både skjønnheitsideal og kampen om eigen identitet godt. Han vedgår at forteljinga stundom blir trøyttande, men synest oppbygginga lønner seg til slutt. For meg er det nettopp dette som manglar. Ei kjensle av at dei ulike grepa samlar seg og gjer bodskapen sterkare.
Hovudproblemet er at tonen ikkje sit. Ei scene kan vere blodig og støytande. Neste scene prøver på varm humor. Det blir uryddig og etter kvart blir det kjedeleg. Ikkje fordi filmen manglar ting å seie, men fordi han aldri klarar å seie det tydeleg nok.
Lea Myren gjer det ho kan som Elvira, men rollefiguren går seg vill i resten av filmen. Eg trur ikkje på ho. Det same gjeld Agnes og mora Rebekka, eg blir ikkje nok kjent med menneska til å bry meg.
Filmen prøver å vere så mykje på ein gong at han blir ingenting. Den stygge stesøsteren hadde eit interessant utgangspunkt. Resultatet er ein film som ikkje klarar å formidle den gode ideen sin.
