
Der kommer en dag
Ein film om livet for to unge gutar som hamnar på ein dansk barne- og ungdomsheim blir akkurat som forventa. Eg visste ikkje mykje om filmen på førehand, enn akkurat denne delen av handlinga. Men tidlegare sette filmar om det same har gjort inntrykk på meg, så eg klarte ikkje riste av meg forentingane.
Det sagt, så er det ein god film, som er bygd opp på eit vis at dette ikkje blir ei utelukkande dyster framstilling. Eg blir engasjert av handlinga i Der kommer en dag undervegs. Og sit stort sett att med eit inntrykk av at dette var ein god film.
Det sterke inntrykket går att hjå Life of Jelle (lifeofjelle.bloggersdelight.dk). Skribenten hugsar filmen godt og blir på nytt råka av kor skremmande behandlinga av gutane er. Dei meir draumande innslaga fungerer ikkje like godt for han. Eg set meir pris på at historia ikkje berre blir dyster, men me deler opplevinga av ein film som engasjerer gjennom det gutane må gjennom.
