Animert familiefilm om superskurken Gru som adopterer tre små barn som ledd i ein plan om å stela månen.
Despicable Me er historia om ein superskurk som ikkje er så veldig super når den yngre oppkomlingen Vector stikk av med rampelyset. For å overgå Vector vil superskurken Gru (Steve Carell) stela månen. For å stela månen må han ha eit apparat til å forminske han, og dette apparatet er ikkje lett å få tak i, spesielt ikkje når det er kamp om det.
Tre ting som fungerte med Despicable Me er at han satsar i stor skala, har sin eigen stil og overdriv så det held. Han har små, rare, gule og morosame vesen på plass, slik Ice Age har ekornet og Madagascar har pingvinane. Og han har potensiale.
Tre ting som ikkje fungerte med Despicable Me er at han for mitt vedkommande aldri blir vond nok. Godviljen til Gru kjem for fort og lett fram. Steve Carell øydelegg Gru for meg med ei stemme som er altfor kjent, og dermed gir meg feil assosiasjonar. Og ikkje minst blir filmen for straumlinjeforma, utan nok innhald som er spesielt, og utan morosame detaljar eller sjel.