Hopp til hovedinnhold
Plakat for Destino (2003)

Destino

Film
4

Destino er eit animert samarbeid mellom Salvador Dalì og Disney som blei lagt på is etter andre verdskrig på grunn av finansielle utfordringar. På byrjinga av 2000-talet blei produksjonen tatt opp igjen og filmen blei fullført. Resultatet er ein kortfilm på sju minuttar som osar av Salvador Dalì, gammal musikk, nyare animasjon og ein solid dose surrealisme.

Dette er ein animasjonsfilm utanom det vanlege, og er fantastisk flott å sjå på. Eg visste ikkje kva eg gjekk til, og blei positivt overraska. Har du tilgang til denne, så er det ei anbefaling å sette av nokre minuttar til å sjå han.

Paul Astell på Feeling Animated (feelinganimatedblog.wordpress.com) les dei skiftande bileta som ei kjærleikshistorie der tid held to menneske frå kvarandre. Han rosar særleg korleis animasjonen kan gli mjukt og så nesten smelte frå eitt bilete til det neste. Det gir eit fint perspektiv på surrealismen eg blei så overraska over. Me treng ikkje forstå alle symbola for å bli gripen av rørslene og stemninga.