Hopp til hovedinnhold
Plakat for Det nya landet (2000)

Det nya landet

Film
3

Frå vår nabo i aust kom denne innvandrarkomedien godt med på eit aldri så lite vorspiel blant venner. Skrive av mannen bak Fucking Åmål, og regissert av Geir Hansteen Jorgensen, blei denne opphavlege tv-filmen etter kvart klypt om og tilpassa kino.

Det handlar om Ali og Massoud som rømmer frå asylsøkarleiren for å kunne få bli i Sverige. Dei kjem opp i både morosame og mindre morosame situasjonar som har med kulturkrasj og rare svenskar å gjere, men det ligg også ei djupare meining bak filmen. Alt er ikkje enkel moro.

Denne meininga var ikkje den lettaste å fange opp undervegs sidan filmen blei sett på eit vorspiel. Nokon scener står seg likevel ut, og karakterutviklinga kan merkast på både godt og vondt.

Kinoutgåva har eit eige problem ifølge Roger Wilson på Nöjesguiden (ng.se). Han rosar den intense kameraføringa, men meiner nedklippinga frå tv-serien etter kvart etterlet hol mellom episodane og gjer personutviklinga meir skisseaktig. Eg merka likevel at personane endra seg, sjølv under eit mindre konsentrert gjensyn. Omtalen gir ei interessant forklaring på kvifor ein film kan romme meir enn det han får tid til å utvikle heilt.

Alt i alt ein fin liten film frå våre venner over grensa, mykje god humor utan å vere rølpete. Og sjølv om eg nok har sett han ein gong før skada det ikkje med eit gjensyn.