
Det sjunde inseglet
Sjakkspelinga mellom Block og Døden er vanskeleg å komme utanom når eg skal snakke om filmen, men står på langt nær åleine for heile filmen. Trass i pest og død og skumle kristne gir ein ledig og smått humoristisk tone filmen lettare å få ned. Poesi, nydeleg foto med sylskarp bilde, skjønne kvinner, her er det mykje å hente.
Den lettare tonen får også plass i omtalen på The Flick Chick (flickchickcanada.blogspot.com). Der blir Jöns trekt fram som eit jordnært motstykke til riddaren, ein som gjerne har eit svar klart sjølv om han ikkje nødvendigvis trur på det. Det er eit fint døme på kvifor filmen er lettare å ta inn enn emna kunne tilseie. Dei fargerike personane gir liv til reisa mellom dei store spørsmåla.
Historia som følger, riddaren Block er på veg heim frå eit ti år langt korstog. Gjennom siste biten av Sverige møter han døden sjølv, og utfordrar han til eit parti sjakk for å hale ut tida. Partiet varer heilt til han står innanfor dørstokken heime. I mellom speling og reising møter han mannen som starta korstoget, eigentleg er ein tjuv og kjeltring, samt andre fargerike personar som skin gjennom bildet i svart-kvitt.
