Detective Conan: The Phantom of Baker Street - Filmdagbok

Detective Conan: The Phantom of Baker Street 2002

Meitantei Conan er ein japansk anime og manga som har komme ut sidan 1994. I Noreg kom mangaen ut mellom 2004–2008.

Den unge detektiven Shinichi får ei pille som gjer kroppen hans til den til ein seksåring, men han halde på intellektet. For å halde identiteten sin skjult frå mennene som tvinga pilla i han, byter han namn til Conan. Etter forfattaren av Sherlock Holmes.

I denne filmen må Conan avsløre Jack the Ripper i ei virtuell utgåve av London som det var på 1800-talet.

Eit av poenga i Meitantei Conan er at Conan skjuler intelligensen sin, for å ikkje skilje seg ut blant barna han er med som dekke. Han gir dei vaksne små hint for å få dei til å løyse sakene. Meitantei Conan: Bekâ Sutorîto no bôrei er noko annleis, her må Conan løyse saka sjølv i den virtuelle verda, under oppsyn av dei vaksne. Utan å bli avslørt for kven han er.

Dette gir ein nødvendig ekstra dimensjon til filmen. Historia og utfallet er i seg sjølv verken spesielt spennande eller uventa. Heller ikkje Sherlock Holmes- og London-referansar kan redde historia. Det ekstra var nødvendig for å få noko ut av filmen.

På engelsk heiter filmen Case Closed: The Phantom of Baker Street.