Detroit Rock City - Filmdagbok

Detroit Rock City 1999

USA, 1978. Fire ungdommar og Kiss-fans ventar spent på konserten til bandet i Detroit. Billettane er i boks, men ei fanatisk religiøs mor til ein av gutane trur Kiss er djevelen sjølv, og brenn billettane. Dermed byrjar jakta på nye billettar, samtidig som dei må unngå den nemnde mora og andre hinder.

Detroit Rock City har ein enkel struktur, og er ikkje den mest spennande filmen i verda heller. Men musikken er på plass, og det er ein akkurat passe variasjon med hendingar til at det fungerer.

Som periodefilm byr ikkje filmen på meir enn eit passande årstal for Kiss-manien. På sett og vis er dette eit forfriskande grep, og filmen unngår dermed å bli ei overdriven og parodisk sak basert på det faktum at handlinga går føre seg på 1970-talet.

Ungdommane i filmen røyker også marihuana, men også her unngår filmen å gjere for mykje av seg. Det betyr at Detroit Rock City heller ikkje blir ein stoner-komedie.

For alt det filmen ikkje er, så er han heller rett på sak og aldri med lange og unødvendige avstikkarar. Dette og dei passe sympatiske karakterane og musikken løftar filmen til over middels for min del.