Hopp til hovedinnhold
Plakat for Diabolik (1968)

Diabolik

Film
4

Katakombefilm-film nummer fem var nok den største overraskinga på laurdagen. Den veldig banale historia og dei slagkraftige replikkane klarte å heve latternivået til eit kjempenivå. Eit av favorittsitata mine frå filmen blei følgande, akkompagnert til svært passande musikk, er at om du ikkje ser Diabolik, så er han der.

Det som mange, inkludert meg, har reagert på og vil reagere på er likskapen til Body Movin'-musikkvideoen til Beastie Boys, eller omvendt. Det var difor ekstra artig å sjå noko så overdrive heltete som ein heil film lik dette.

Den siterbare dialogen og dei overdådige kulissene blir også trekte fram på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). I omtalen av den same kvelden blir dette kalla den mest publikumsvennlege filmen, med musikk som balanserer mellom det grufulle og det grufullt tøffe. Det passar godt med latteren han vekte hjå meg. Overdrivingane blir ikkje noko filmen må kome seg forbi, men sjølve grunnen til at han er så artig å sjå.