Diabolik - Filmdagbok

Diabolik 1968

Katakombefilm-film nummer fem var nok den største overraskinga på laurdagen. Den veldig banale historia og dei slagkraftige replikkane klarte å heve latternivået til eit kjempenivå. Eit av favorittsitata mine frå filmen blei følgande, akkompagnert til svært passande musikk, er at om du ikkje ser Diabolik, så er han der.

Det som mange, inkludert meg, har reagert på og vil reagere på er likskapen til Body Movin'-musikkvideoen til Beastie Boys, eller omvendt. Det var difor ekstra artig å sjå noko så overdrive heltete som ein heil film lik dette.