Diamonds Are Forever - Filmdagbok

Diamonds Are Forever 1971

Diamonds Are Forever markerte Sean Connery sitt første av to tilbakekomstar i rolla som James Bond, den andre var som ein middelaldrande James Bond i filmen Never Say Never Again i 1983. Avbrekket som var George Lazenby i On Her Majesty's Secret Service fekk opphavleg kontrakt på sju filmar, men blei overtala av agenten sin til å trekke seg ut av franchisen. Agenten meinte at serien aldri ville overleve 1970-talet, og det vart med ei framferd for George Lazenby som James Bond.

Før Roger Moore tok over spelte altså Sean Connery inn endå ein James Bond-film. Diamonds Are Forever handlar om diamantsmugling og har ei handling som flyttar seg rundt heile verda før me hamnar i USA. Drivkrafta til filmen er målet, og målet er for oss å finne ut kven som er skurken og kva som gjer diamantane viktige. For å unngå avsløringar får dette halde.

Filmen er ikkje spesielt komplisert og eg skjønnar raskt kva som lurer bak. At det er rotete og mange stopp undervegs trekk heilskapen ned, men det er nok av humor i det dårlege til at eg ikkje kjeder meg.

Ein annan ting som manglar er iveren og energien. Sean Connery går på autopilot og få av dei typisk kjappe James Bond-merknadane hans sit spesielt godt. Det kan ha med å gjere at Sean Connery sa at han var lei av å spele James Bond etter You Only Live Twice. Eller det kan vere at manus ikkje sat helt stødig. Regissør Guy Hamilton har eg mine tvil om at skal lastast for resultatet, mannen stod bak ein av dei beste filmane, Goldfinger.

Diamonds Are Forever er vanskeleg å vurdere. Filmen ligg ofte mellom midt på treet og god, men til sjuande og sist trekk Sean Connery ned.