Hopp til hovedinnhold
Plakat for Diary of the Dead (2007)

Diary of the Dead

Film
3

Diary of the Dead er ein av zombiefilmane til George A. Romero. Filmen blei lansert etter Land of the Dead, men i kronologien til dette universet går han føre seg før.

Ei gruppe studentar skal filme ein skrekkfilm, men støyter på levande døde. Sjølv om filmen på ei tidslinje er først blant dei nyare Dead-filmane, er det ikkje ein oppfølgar til dei gamle. Med Diary of the Dead har George A. Romero laga det han kallar ei omgjering av mytologien, og ei sidehistorie.

Denne saka stikk seg ikkje ut som spesielt nemneverdig, verken som Dead-film eller zombiefilm. Men på sett og vis er det underhaldning, og at George A. Romero står bak spakane får meg til å ville gi dette ein større sjanse enn eg kanskje ville gjort elles.

Mediekritikken får større vekt i omtalen på Behind the Couch (watchinghorrorfilmsfrombehindthecouch.blogspot.com). James Gracey meiner filmen har halde seg godt, særleg fordi han undersøker korleis kamera, nyheiter og stadig fleire stemmer kan gjere sanninga vanskelegare å finne. Han er meir begeistra enn eg er. For meg blir ikkje desse ideane nok til å gjere filmen spesielt minneverdig, sjølv om eg framleis finn underhaldning i han.