Diary of the Dead - Filmdagbok

Diary of the Dead 2007

Diary of the Dead er ein av zombiefilmane til George A. Romero. Filmen blei lansert etter Land of the Dead, men i kronologien til dette universet går han føre seg før.

Ei gruppe studentar skal filme ein skrekkfilm, men støyter på levande døde. Sjølv om filmen på ei tidslinje er først blant dei nyare Dead-filmane, er det ikkje det ikkje ein oppfølgjar til dei gamle. Med Diary of the Dead har George A. Romero laga det han kallar ei omgjering av mytologien, og ei sidehistorie.

Denne saka stikk seg ikkje ut som spesielt nemneverdig, verken som Dead-film eller zombiefilm. Men på sett og vis er det underhaldning, og at George A. Romero står bak spakane får meg til å ville gi dette ein større sjanse enn eg kanskje ville gjort elles.