To unge jenter som bur i Watergate-komplekset blir vitne til at det skjer noko muffens i kontorlokala der. Året er 1974, og det er like før Watergate-skandalen blomstrar.
På omvising i White House ser dei igjen eit ansikt som dei såg i komplekset. Og for at dei skal halde tyst, blir dei tilbode å vere ungdomsrådgjevarar og hundepassarar for president Richard Nixon.
Dei har ikkje særleg aning om kva dei er vitne til, dumme som dei blir framstilt som. Men omstenda har det til at dei i denne parodiske attforteljinga blir til Deep Throat. Og dette er grunnlaget for mykje av komedien.
Michelle Williams og Kirsten Dunst spelar jentene, og gjer ein god jobb. Dick er ikkje den mest krevjande filmen, karakterane dei spelar er stort sett unge og dumme. Begge to var allereie erfarne i filmbransjen, og deltok også i andre tenåringskomediar same året. Michelle Williams i But I’m a Cheerleader, og Kirsten Dunst i både Drop Dead Gorgeous og The Virgin Suicides.
Svakheita med filmen er ikkje prestasjonane til Michelle Williams og Kirsten Dunst. Mangel på realisme er heller ingen grunn til å kritisere filmen. Det er at Dick er lite spennande, og at komedien ikkje slår an, som trekk ned. Komedien har verken særleg djupne, trass i historisk parodi, eller særlege latterbringane augneblinkar.
Det er ikkje ein direkte dårleg film, og for min del går det ned, sjølv om det blir litt kjedeleg i lengda. Årsaka til dette er min interesse for sjangeren tenåringskomedie, og dermed min noko lågare terskel for kva eg vel å sjå og ser ferdig av sånne filmar.