Die Hard

Die Hard

Når det gjeld eksplosiv, maskingevær og slåsting på taket av ein skyskrapar, så må eg sei det finst nok av middelmåtige actionfilmar å velge mellom. Die Hard er ein av dei gode filmane og eit godt val, og ein film som dei fleste nok har sett før.

Sjølv var dette mitt første møte med John McClane og Sgt. Al Powell, og eg kan ikkje sei anna enn at det var ein forrykande actionthriller, med ein erketypisk helt tolka av ingen ringare enn Bruce Willis.

Samanlikna med ein Bruce Willis-actionfilm som Hostage er denne filmen langt forbi det realistiske, men gir likevel ei meir samanfatta filmoppleving.

Die Hard (1988) – Filmdagbok