Eg trudde at eg skulle sjå ein film om ein gut og ein hund, men Diecisiete er både noko meir og noko anna. Det som eg trudde skulle vere om bandet mellom den firbeinte og guten, blei ein film om to brør og ei reise i ein bubil.
Årsaka til at denne filmen blei valt ut var altså forventingar som ikkje blei innfridd, men det var ikkje så nøye. Denne spanske filmen er ein god film om ein gut på kanten av lova.
Héctor er ungdom og gjer kriminelle saker. Han er enten litt spesiell eller så har han ein snev av noko som gjer han spesiell. Det er godt mogleg han mangla foreldre i oppveksten, og er prega av å ikkje ha lært skilnaden på rett og feil. Det vil sei lovleg og ulovleg. Ei rekke kriminelle handlingar fører til at han må vere to år i ungdomsfengsel, og det er der han etter kvart får sjansen til å trene opp ein hund han kallar Sauen.
Det er når hunden ikkje kjem tilbake fengselet ei veke, at Héctor for alvor bestemmer seg for å rømme for å finne han. Og med seg på leitinga blir ein eldre bror som han ikkje lenger har eit så nært forhold til.
Diecisiete, eller Seventeen som han også er kjent som, byr på mykje god humor og ein del rørande drama. Samspelet mellom brørne er godt. Men eg skulle gjerne sett meir til hunden. Guten og hunden sitt forhold blir godt etablert og er ein god motivasjon for resten av forteljinga. Skal eg få inn litt kritikk for å vege opp for kvifor filmen ikkje når topp, så er det at eg saknar eit viktig mål for reisa i bubilen. Det er leitinga etter hunden, men det kjem litt i bakre rekke litt for ofte. Det er også heile greia med at mormora til brørne er med, og er i ferd med å døy, men det også får ikkje nok merksemd til å bli det viktigaste. Eg vel å tru at det skal handle mest om forholdet til brørne, og at Héctor skal bli vaksen, men eg tenker at filmen kunne ha vore tydelegare på dette. Uansett er alt dette berre pirk. Filmen er grei nok som han er.