Digging for Fire er ein hendingslaus film som ikkje siktar høgt, og heller ikkje blir stort.
Joe Swanberg og Jake Johnson gjentar samarbeidet. I 2013 laga dei flotte Drinking Buddies i lag, som var ein av dei beste filmane eg såg i 2013.
Til samanlikning er Digging for Fire ei form for lågbudsjett og helgefilm. I det legg eg at dette gir meir inntrykk av at ein gjeng har sausa i hop eit middels manus og filma heile greia i huset og på eigedommen til ei kjenning.
Det er ei form for produksjon eg har sansen for, viss det gir intime filmar om tema som ikkje krev så mykje meir enn samtale og litt drama. Digging for Fire krev ikkje stort han heller. Så det går nok meir på at det ikkje stikk djupt nok, eller at det blir for tåpeleg.
Eg saknar enten meir humor, meir personleg eller meir av noko anna som gjer filmen distinkt. Her får eg mest inntrykk av at poenget var for kjente til å lage ein film, uansett kva.