Indisk film er noko for seg sjølv. Og eg har sansen for mange av dei. På eit eller anna vis kom eg over denne saka her, om to indiskætta personar frå Storbritannia som møtes og blir forelska i Sveits.
Faren til den kvinnelege parten har lova ho bort i India, og dermed er me i gang med ein film som tar sikte på å få dei to forelska i lag til slutt, trass i at ho er lova bort.
Med sine i overkant av tre timar lange speletid er det rom for litt av kvart her. Både å bygge opp historia rundt det som skjer i Sveits, og det som skjer i ettertid. Filmen er passe godt dosert, og har ei god framdrift. Musikknummer krydrar det heile.
Som ein tanke er det artig å tenke på at fleire indiske filmar eg har sett av lengde, sjeldan har problem med å hale ut tida. Dette sjølv om dei ofte er ukompliserte romantiske komediar som også Dilwale Dulhania Le Jayenge er.
Dette er ikkje blant det beste eg har sett, men ein fin sak som gjer nytten. Ei sterk rangering på IMDb gjorde nok sitt til at eg så han, men eg vil sei vidare at han må bli tatt med ei klype salt.
Ettersom indiske titlar ikkje er det lettaste å forstå, så kan eg skyte inn at filmen har den engelske tittelen The Big-Hearted Will Take the Bride Away.