Kva kan seiast om Der 90. Geburtstag oder Dinner for One som ikkje allereie er sagt? Dette er ein morosam kortfilm på nesten 20 minuttar om ein fyr som vert full, snublar, vert fullare, og gjentek dette nokon gonger.
Og skulle du lure, så er dette altså Grevinnen og hovmesteren som eg skriv om.
Det er fornøyeleg, men det er ikkje heilt favoritten min. Eg set pris på fysisk humor, men det er ikkje noko eksepsjonelt ved det som vert utført her. At serien går gongen sin kvart år på NRK og er vorte tradisjon, kan eg heller ikkje seia tyder noko for meg.
Morosam, men ingen klassikar.