Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dinner in America (2020)

Dinner in America

Film
4

Eg hadde høyrt positive ting om Adam Rehmeier. Så eg bestemte meg for å sjekke ut Dinner in America. Det viste seg å vere eit godt val. Filmen følger ein punkrocksongar som er etterlyst av politiet, og ei ung kvinne som er opphengt i bandet hans. Her sit det meste som støypt.

Kyle Gallner og Emily Skeggs leverer herlege hovudroller. Kyle Gallner har noko farleg og uføreseieleg over seg som Simon. Emily Skeggs gjer Patty både sårbar og sterk på same vis. Det blir heldigvis ikkje pinleg. Dei to har ein god kjemi. Det er noko ekte med måten dei snakkar saman på.

Birollene er solide, utan at dei tek fokus. Mange er med i små rollar som har funksjon, men som ikkje tek meir plass enn dei treng. Filmen har ikkje behov for at kvar einaste person skal få fortalt si historie.

Det som gjer Dinner in America til noko meir enn berre ein sjarmerende indie-film, er kanskje den gode balansen. Adam Rehmeier har både skrive, regissert og klippt filmen sjølv. Ein filmskapar tvers gjennom står altså for totalen. Han overdriv utan å miste truverdet. Rollefigurane er karikerte, men meir enn berre ein vits. Situasjonane er absurde, men kjenslene er ekte.

Ikkje alle blir like begeistra for denne blandinga. Darren Bevan på At Darren’s World of Entertainment (darrens-world-of-entertainment.blogspot.com) meiner at mykje er velkjent og for sjølvtilfreds, men trekker fram scena der Simon og Patty lagar ein song som noko vakkert. Der møtes me i alle fall. For meg er ikkje varmen avgrensa til den scena. Ho er det som får resten av filmen til å fungere òg.

Energien er der frå starten av. Dinner in America veit kva han vil, og får det til.