Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dirty Deeds (2002)

Dirty Deeds

Film
2

Med historia sett til 1960-talets Sydney er det gjennomsyra med pastellfarger og motar frå tiåret. Kamerautsnittet på skrå her og der i så stor skala at eg måtte le av heile greia. Det er gjennomført med tanke på tidlegare filmstil, og blir sånn sett ikkje harry, berre litt.

Historia er ikkje spesielt original, men det fungerer godt nok, filmen utmerkar seg ikkje som ein av dei betre eg har sett, men var likevel god underhaldning. Som den aller første DVD-filmen eg har sett i heilskap på ein mellomklasse 32 tommar stor LCD-TV, så var bildekvaliteten veldig fin, skarp og god. Og med surround sound var heile oppsettet klart.

Kostyma fortel også om generasjonane, meiner skribenten på The Rush Journals (drush76.wordpress.com). Dei eldre held på eit meir konservativt uttrykk, medan dei yngre ber med seg ei anna side av sekstitalet. Ho rosar miljøet som ein viktig del av filmen. Det utdjupar det eg likar med fargane og motane. Stilen gjer meir enn å vise kva tiår me er i, sjølv om historia ikkje blir særleg original av den grunn.