Mirjam er dansar og medlem i Friheten, eit oppdikta kyrkjesamfunn som nok skal likne på Frikirken og andre norske sektliknande kyrkjesamfunn. Ho strevar mot å vere perfekt på alle måtar i livet, og blir pressa av det religiøse miljøet og ein superkristen familie. Med eit slikt nivå av verkelegheitsfjerne tankar rundt seg, dagen rundt, er det ikkje overraskande at dette går dårleg.
Det er mykje merkeleg i Noreg og verda, og det er i grunn fint at det finst mykje forskjellig. Det er derimot synd at religion og irrasjonalitet, og fornekting av verkelegheita med bakgrunn i tru framleis står så sterkt i den opplyste verda vi lev i.
Disco tar i stor grad utgangspunkt i å skildre eit miljø, og prøver nok ein del på å la sjåaren gjere opp si eiga meining. Det er ei grei tilnærming i mange tilfelle, men her saknar eg meir kritikk og eit oppgjer med kyrkjemiljø.
Når det gjeld filmen som ein film, med forløpet til handlinga og alle sånne filmgreier, så likte eg i meste fall det Disco hadde å by på. Det byrjar i og for seg ganske så bra, men kanskje i siste tredjedel av filmen saknar eg meir. Då har filmen på sitt vis gått i stampe, og leverer ikkje så mykje meir av nytt i livet til hovedpersonen. Som forøvrig blir spelt av Josefine Frida Pettersen, som ikkje seier så mykje i si forsikte rolle, men er truverdig som ein tapt person.
Det Disco er best på, er å gi eit innblikk i metodikken til ulike kyrkjesamfunn. Og i talemåten til sentrale personar innanfor desse. Her er det mykje snakk som går ut på å ta i frå moglegheita til å tenke sjølv, og viske ut meininga i mange omgrep som kan bli brukt til å så tvil om innhaldet i religionen.