
District 9
Eg stilte blank til District 9, og enda opp med å bli positivt overraska. Med ei velfungerande liksomdokumentarisk vinkling, heftig action, ukjente og vanlege menneske i rollene i eit storslått science fiction-eventyr med ei godt skapt historie i løpet av kort tid.
District 9 handlar om undertrykking og misforståingar, som gir grunnlag for å blande inn kamp mellom menneske og romvesen, sjølv om det kjennest feil. Helten vår er heller ingen moralsk vakt, noko som gjer han langt meir interessant, ettersom vala hans ikkje er gjort på human logikk. Samtidig er District 9 enkel og lettfatteleg, og kanskje kinovinnaren i haust.
På Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com) blir blandinga av samfunnskommentar og grisete underhaldning trekt fram som ein stor del av gleda. Han er meir skeptisk til den lange actionsekvensen mot slutten, der han meiner filmen nærmar seg ei meir vanleg effektoppvising. Det er eit godt spørsmål å ta med inn i begeistringa mi. Den heftige actionen verkar sterkast når han framleis spring ut av undertrykkinga og dei ubehagelege vala.
