Disturbia - Filmdagbok

Disturbia 2007

Gled dykk, folk som er glade i ekte skrekkfilmar, og ikkje rein blotting av det groteske som i Saw eller dei få byksa i stolen som nyinnspelinga The Texas Chainsaw Massacre gav.

Disturbia gjekk over all forventing. Med sine 105 minuttar var eg skeptisk til at ei gruppe ungdommar skulle kunne køyre løpet ut. Ungdomsfilmar i ein vidt definert skrekkfilmsjanger er ikkje dei mest originale no til dags.

Utgangspunktet er klassisk. Som resultat av ein husarrest blir Kale (Shia LaBeouf) veldig opptatt av kva naboane driv med, og keisemda utviklar seg til paranoia, der ein middelaldrande mann i nabohuset blir senter for merksemda.

Korleis det utviklar seg vidare er ikkje så nøye å nemna her, for enten vil du sjå filmen sjølv, eller så bryr du deg lite. Hovudsaka er at dette, uansett utvikling, ligg høgt på lista mi over god underhaldning i skrekkfilmar frå nyare tid.

Storparten av filmen spelar seg ut før keisemda vippar over til noko meir. Fleire filmar bommar ved at første delen blir tidsfyll før blodsutgytinga og slikt. Disturbia brukar tida på å etablere ungdommane i truverdige roller, lagvis bygge mistankane opp ved å drive ei slags privatetterforsking utført av amatørar. Ei dose humor og kjærleik manglar heller ikkje, men filmen mistar ikkje fokus på rekning av slikt.

Som eit pluss heilt til slutt, ved siden av dei gode vibrasjonane, og ikkje minst nervane filmen gav. David Morse er naboen i siktet her. Spesielt artig for meg som nyleg har sett han terrorisere House i seks episodar av House M.D.