Dji. Death Fails - Filmdagbok

Dji. Death Fails 2012

Dji er døden, og han er ein uheldig fyr. Dji. Death Fails er ein fire minuttar kort animasjonsfilm utan tale som viser hans feila forsøk på å ta livet av folk.

Kva meir er det å sei enn at dette er fornøyeleg, men ikkje spesielt djupt eller fantastisk. Filmen finst gratis tilgjengeleg, og med den korte lengda er det ikkje ein dum sak å sjå. Men eg vil ikkje påstå at han gav meg noko meir enn fire minuttar med heilt grei animasjon.