Damer i bikini som spelar volleyball og sparkar høgt med beina. Ville slåstscener der det osar av dårleg dataanimsjon på nivå med grafikk som kunne vore henta ut frå PlayStation 2. Og ein vond mann som samlar data på alle slåstteknikkane deira frå eit overvakingsrom i toppetasjen av eit hus på ei eksotisk stillehavsøya. Ei øy der turneringa Dead or Alive har samla inn nokon av dei beste kampsportutøvarane i verda innan sine felt.
Eit skodespel som får det Sweet Insanity til å sjå greit ut forsvinn bak naken hud og kvinnelege former. Særleg meir er det ikkje som blir borte, for filmen tilbyr ingen ting i tillegg til det eg har nemnt over. Det kvinnelege ensemblet reddar filmen opp frå det absolutte botnsjiktet.