- Filmdagbok

Doctor Sleep

Doctor Sleep er ein god film. Han har ei historie i botn som fengslar. På overflata er det mykje som skal appellere til enten fans eller dei som berre kjenner til ikoniske scener frå The Shining. Det kan bli litt i overkant. Det er vanskeleg å sei om filmen står godt på eigne bein, eller støttar seg på kvalitetar frå The Shining. Men eg visste ikkje noko om innhaldet på førehand, og hadde berre forventingar til at dette var ein god film. Og eg likte han.