Dog Day Afternoon - Filmdagbok

Dog Day Afternoon 1975

Før The Godfather og Serpico var Al Pacino eit lite kjent ansikt i filmverda, men med desse filmane tok han publikum med storm. Lat meg no halde meg til Sidney Lumet og stå over Francis Ford Coppola for denne gong, då eg nyleg har sett Dog Day Afternoon.

Dog Day Afternoon har Sidney Lumet som regissør og Al Pacino i hovudrolla. Filmen er basert på ei sann historie og Al Pacino blei nominert for Oscar for beste hovudrolle. For Dog Day Afternoon støttar seg godt til den fantastiske rolleprestasjonen til Al Pacino, han er som skapt for filmen, men dette er ikkje åleine om å gjere filmen god.

Al Pacino spelar Sonny, ein person som glødar av sterk personlegdom. Det passar godt til Sonny som er ein væpna forbrytar. Under eit bankran blir han og kompanjongen Sal (John Cazale) omringa og innesperra i banken med ei handfull gislar. Sonny, smart som han er, får overtaket på situasjonen som over tid utviklar seg til å bli ei hending dekka av media. I to timar som går så det susar følger me utviklinga av gisselhaldinga over tolv timer. Me blir godt kjent med Sonny som ein filantropisk forbrytar, hans forhandling og leik med politiet, og dei grunnane som ligg bak ranet. Mykje god dialog og ei trong til å få vite kva som skjer er med på å drive dette framover.

Filmen er eksellent og spennande inn til beinet. Ved å vere basert på ei sann historie gir han litt ekstra, noko som ikkje skal bli tatt for gitt då fleire filmar som gjer dette i blant hamnar i haugen med dei som berre lykkast i å bruke det som salstriks.

Al Pacino leverer varene og sjølv om han kan bli sint handlar det ikkje berre om å skrike, noko dei seinare filmane hans gjerne har gjort. Kombiner gjerne filmen med Serpico og Network for eit herleg Sidney Lumet-hattrick.