Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dogma (1999)

Dogma

Film
4

Topp komedie med Jay og Silent Bob, samt ei rekke andre karakterar spela av kjente skodespelarar som Matt Damon, Ben Affleck og Jason Lee.

Den same gjengen som går igjen i fleire av filmane til Kevin Smith. Og samarbeidet mellom desse får berre alt til å verke så ekte, tullete og morosamt.

Jay S. Jacobs på PopEntertainment (popentertainmentblog.com) finn mange morosame scener og interessante religiøse spørsmål, men meiner Jay og Silent Bob er det svakaste innslaget. Det er nesten motsett av inntrykket mitt. Eg opplever den kjende gjengen og samspelet deira som ein stor del av gleda. Det tullete får eit eige liv når desse folka møtest, og eg sit ikkje og ønsker at dei to mest gjenkjennelege figurane skulle vore klipte bort.