Hopp til hovedinnhold
Plakat for Don't Drink the Water (1994)

Don't Drink the Water

Film
3

Woody Allen har stort sett laga kinofilmar, men i 1994 gjorde han unntak med tv-filmen Don't Drink the Water.

Dette er ein komedie om den kalde krigen på 1960-talet. Ein amerikansk familie er på tur. Da faren i familie tar eit fotografi ein stad han ikkje burde, blir han skulda for å vere spion. Familien søker dermed asyl i den næraste amerikanske ambassaden.

Det er i ambassaden at det meste av handlinga til filmen går føre seg. Og det er her det merkast at dette er ein tv-film med avgrensa budsjett. Men det som går føre seg er eit morosamt kaos, så reint bortsett frå mine fordommar mot tv-filmar, som er i ferd med å forsvinne, så er dette ei god sak.

Det uvanlege møtet mellom Woody Allen og Michael J. Fox får merksemd på Mr NYC (mrnyc.blogspot.com). Bloggen ser filmen som eit mindre sideprosjekt med velkjend humor, og reknar han ikkje som nokon stor film. Eg får likevel meir glede av kaoset enn det ei slik plassering kan tyde på. Den avgrensa ramma treng ikkje vere noko stort problem når misforståingane held komedien i gang.