Doomsday er ein festleg film, men ikkje ein utan manglar. Det flotte er at filmen i liten grad tar skade av manglane. Ut i frå det som er å forvente frå filmen, er han fullt ut tilstrekkeleg.
Rhona Mitra, eit pent ansikt som tidlegare har gjort ei rekke tv-roller, spelt mot Sacha Baron Cohen i Ali G Indahouse og gjort nakenscene i Hollow Man, spelar tøff kvinne i hovudrolla. Me følger Rhona Mitra som militær major, som i år 2035 blir sendt til eit Skottland som har vore i karantene siden tidleg på 2000-talet.
Eit virus er årsaka til karantenen, som fekk styresmaktene til å sette opp mur og avsperring rundt heile Skottland. Men då viruset dukkar opp i London nærare 30 år seinare, ønsker statsministeren i Storbritannia å sjå etter overlevande i Skottland, som kan vere til hjelp for ei vaksine mot viruset.
Majoren blir sendt til Skottland, og deretter handlar filmen meir om urban decay, ekstremt grafisk vald og blodsutgyting. Filmen kan på sett og vis skildrast som ei blanding av Escape from New York, Mad Max og The Warriors. Då er det klart, som kinoplakaten er med på å vise, at filmen handlar om anarkistiske grupper i rare kostymer og frisyrar. Litt nostalgi opp i det heile, om du ser samanlikningane, passar godt i ein film som tar seg sjølv så uhøgtideleg som Doomsday gjer.