
Dorm Daze 2
I løpet av dei nesten 30 åra National Lampoon har vore i filmbransjen har det komme 31 filmar av denne opphavlege magasinfranchisen. Korleis oppfølgaren til National Lampoon Presents Dorm Daze frå 2003 har klart å få støtte for å bli laga er for meg eit mysterium, men det lokka iallfall meg til filmen.
Så, er denne rett på video-filmen eit meisterverk utan like, eller er han nok ei uordna blanding av døv amerikansk ungdomshumor med topplause damer, røyking av marihuana, forviklingar og B-skodespelarar? Svaret seier seg sjølv, men på spørsmålet om det er morosamt stiller eg meg litt meir positivt. Døv humor kan innimellom vere det som skal til, og eg har aldri hatt problemet med å fullføre ein National Lampoon-film, Dorm Daze 2 er heller ingen unntak. Likevel om miljøet er så fjernt som du kan få det.
Historia går for seg på eit cruiseskip, der andre klassen på eit college er for å framføre eit skodespel, og er såleis ei fortsetting på National Lampoon Presents Dorm Daze. Så er det drikking, nakne menneske, forsøk på å ha sex, ein stolen diamant og drap involvert. Det heile er gjennomsnittleg morosamt fram til det er ein halvtime igjen, då tok det seg opp nokon hakk og vart akkurat sprøtt nok til at eg koste meg godt.
Francis Rizzo III på DVD Talk (dvdtalk.com) merkar seg også at filmen eit par gonger nærmar seg eit hektisk komedietempo. For han blir det berre tilløp, og ikkje noko som klarar å løfte det svake materialet. Eg får meir glede av dette når forviklingane endeleg blir sprø nok. Det gjer ikkje filmen stor, men den siste delen viser iallfall kvifor eg kan bli sittande gjennom mykje døv humor i håp om at noko skal losne.
Gjengen med skodespelarar er ikkje spesielt imponerande, men inneheld eit par kjente namn i National Lampoon-samanheng. Dei fleste spelte rett nok i den første filmen, mellom andre Chris Owen. Eit par nye namn dukka også opp. Det gjeld modellen Vida Guerra og Justin Whalin, som ikkje har gjort stort etter rolla si i Lois & Clark: The New Adventures of Superman. Sånn at det er sagt. Eg legg ikkje så mykje bry på å vurdere dette i ein slik film.
