Double Indemnity - Filmdagbok

Double Indemnity 1944

Walter har vore ein ærleg salsmann av forsikringar i 11 år. Ein dag står tilbodet om ekstra spenning og ein solid slump med pengar ved døra, men dette inneber at noko kriminelt må gjennomførast.

Double indemnity blir brukt i sjeldne situasjonar der eit forsikringsselskap betalar ut dobbel erstatning. Walter (Fred MacMurray) og Phyllis (Barbara Stanwyck) vil prøve å utnytte denne forsikringspolitikken. Som me ser i første bilde har noko gått feil.

Billy Wilder gir oss her ein klassisk film noir med ei sterk femme fatale, low key svart-kvitt bilde og utstrakt bruk av skugge. Sigarettrøyken ligg tjukt over heile filmen. Det er ikkje til å ta feil av.

Walter er glad i å slenge rundt seg med uttrykk som I love you, baby, som på linje med den andre romantikken kan verke cheesy. Heldigvis er ikkje dette noko romantisk film, og litt overdrivne handlingar her er nok eit spel frå karakterane si side.

Det er spelet mellom personane bak lovbrotet, og deira samla spel igjen mot etterforskarane som er interessant og utgjer filmen. Me får vite det meste og blir sittande å følge åtferda til dei som må lyge og skjule seg. Og dette er faktisk ganske spennande.