- Filmdagbok

Downton Abbey: A New Era

Ein vidare introduksjon av Downton Abbey er unødvendig. Serien kom i 2010, og fekk sin første oppfølgjar i form av ein film i 2019.

Downton Abbey: A New Era er den andre filmen ut, og held fram som ei forlenging av serien og den første filmen. Det fine er at dette blir opplevd som ein kvalitetsfilm, og ikkje berre ein lengre spesialepisode. Slik også den første filmen var.

Her er det snakk om to handlingar som tek opp merksemda og tida: Ei filminnspeling skal skje på Downton Abbey, og så er det noko greier med eit feriehus i Frankrike.

Utover det handlar dette om å gå inn i framtida. Det er både ei avslutning av nokre kapittel og opning av nye. Så det blir spennande å sjå om det kjem noko meir frå den kanten framover.

#Downton Abbey