Eg føler meg sikker på å kunne historia om Dracula av Bram Stoker. Etter å ha sett Nosferatu, eine Symphonie des Grauens frå 1922, Nosferatu: Phantom der Nacht frå 1979 og Dracula frå 1992 er lærdommen på plass.
Dracula frå 1931 er god på fleire måtar. Måten kamera snur seg bort på i dramatiske og mindre dramatiske stunder. Mystikken som oppstår av dette og av dei mange mytane om Dracula som fortalt i filmen. Bela Lugosi som greven, ein skummel type, men mest på grunn av uvissa til folk. Evna til Van Helsing til å plassere alle brikkene i mysteriet som går føre seg. At filmen er kort og lite er overflødig.
I starten var eg prega av å ha sett historia før, og dette la ein liten dempar på det. Men kulisser, miljø og alt det over engasjerte meg gradvis meir og meir. Mot slutten av filmen var det dette som var igjen.