Dream a Little Dream - Filmdagbok

Dream a Little Dream 1989

Corey Feldman og Corey Haim, eit legendarisk par når det kjem til tenåringsfilm på 1980-talet, sjølv om dei berre spela i tre filmar i lag før 1990.

I Dream a Little Dream har Corey Feldman fått hovudrolla, mens Corey Haim blir skyvd til sides som birolle og venn. Filmen føyer seg inn i kroppbytesjangeren, og handlar om ein gammal mann som tar kroppen til Corey Feldman.

Filmar om kroppbyte er stort sett føreseielege, så innpakninga og komedien blir i større grad enn dei vanlege tilpassingsproblema personen møter, avgjerande for om filmen lykkast. Dream a Little Dream har eit opplegg rundt fantasi og draumar som blir for mykje av det gode, og som øydelegg flyten i filmen. Det lovar heller ikkje godt når dei ti første minuttane kjennest ut til å vere tilfeldig redigering som møter kryssklipping. Dei bruker så lang tid på å bygge opp mot at noko skal skje, at det går over frå spenning til avriving av hår av håplause.

Sagt med andre ord ligg dette eit stykke unna fullkommen, god film. Men Corey Feldman i hovudrolla leverer, om ikkje Oscar-rolle, så iallfall alt eg forventar av ungdomsskodespel i tenåringskomedie. Han er både eit klisjéprega ikon frå 1980-talet, tilfeldig kul og har ei side ved personen sin som skil han ut, ein snev av alvor i eit slaskete uttrykk, som gjer at dette blir meir enn ein tom tosk.