Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dreamscape (1984)

Dreamscape

Film
3

Dreamscape følger Alex Gardner, spelt av Dennis Quaid. Han er ein ung telepat. Og i filmen her skal han utnytte evnene sine til å gå inn i draumane til andre. Under vegleiing av Dr. Paul Novotny (Max von Sydow), blir han ein del av eit forskingsprosjekt som nyttar telepati for å hjelpe folk med mareritt.

Handlinga tek ei vending når den amerikanske presidenten, plaga av skremmande draumar, blir eit mål for dei som ønsker å utnytte denne teknologien til onde føremål.

Filmen blandar science fiction og superlett politisk thriller. Det visuelle arbeidet er prega av spesialeffektane frå samtida, men det kan eg like, sjølv om det ikkje er spesielt realistisk i utsjåande.

Dei eldre effektane får òg eit forsvar av 30 Years On (70srichard.wordpress.com). Skribenten meiner kulissene, lyset og kameravinklane er særleg interessante i draumescenene, og at sminke og praktiske effektar framleis fungerer sjølv om alderen er synleg. Det er noko av dette eg likar med filmen. Draumar treng ikkje sjå naturlege ut, og eit litt kunstig uttrykk kan passe betre enn det ville gjort i vanleg action.

Dreamscape har ein fiffig premiss som gir rom for mykje kreativitet. Men han held seg noko enkel i utføringa. Ideen om å trenge inn i draumar er både skremmande og spennande. Filmen har ein sjarm som er typisk for 1980-talet, og som er årsaka til at eg oppsøker filmane frå dette tiåret.