Dredd var ein tøff og hard actionfilm. Rett fram og med lite karakterbygging i tradisjonell forstand. Dette betyr ikkje at me ikkje blei kjent med Dredd.
Han er valdeleg inn til rota, men det er tenesteplikta og lova som styrer og driv Dredd. Det er ikkje han sjølv åleine, men samfunnet rundt han som har skapt han.
Forutan å vere eit adrenalinkick, så kan filmen vere – viss du verkeleg vil sjå nærare på meininga bak – kritikk mot vår oppfatning av kva som er rett og feil. Tidsperiode, kultur og samfunn formar det som er moralen til mange folk.
Viss eg skal konkludere utan å legge meg opp i det politiske, så blir det tommel opp til den morosame filmen. Morosam og valdeleg. Med ein kul helt som har både gode og dårlege sider.