Hopp til hovedinnhold
Plakat for Drinking Buddies (2013)

Drinking Buddies

Film
4

Det beste med Drinking Buddies er øldrikkinga. Som eit mjukt og varmt teppe pakkar drikkinga filmen inn i ei god og varm stemning.

Den store mengda som blir konsumert og som gir bilde av eit endå større dagleg konsum, opnar for mange spørsmål undervegs. Den ekstra dimensjonen er som gull på toppen av ein elles fin og solid romantisk komedie av den seriøse typen.

Eit flott stjernegalleri er ein annan styrke Drinking Buddies har. Folk som er lette å like og som spelar gode karakterar du både blir kjent med, opptatt av og som framstår som ekte nok.

Tim O’Brien på Keeping It Reel (keeping-it-reel.com) får nesten den motsette opplevinga av desse folka. Han meiner samtalane verkar påtvinga, pausane blir for lange, og det er vanskeleg å bry seg om nokon av dei, sjølv om problema deira er gjenkjennelege. Eg finn mykje meir varme og liv i det same. Dei litt uavklarte forholda og den avslappa stemninga gjer personane interessante å vere saman med, også når dei ikkje kjem nokon stad med det dei seier.

Ein god komedie og ein anbefalt film.