1999 var året tenåringskomedien kom sterkt tilbake. Filmar som 10 Things I Hate About You, American Pie, She's All That, Election, Never Been Kissed, Cruel Intentions og Varsity Blues kom dette året.
Drive Me Crazy følger ei klassisk oppskrift i sjangeren. Eit forhold til spel for galleriet, mellom to motsetningar, utviklar seg til å bli meir.
Melissa Joan Hart og Adrian Grenier styrer på som den populære på skulen og den alternative på skulen. Dei inngår ein avtale om å henge i lag før skuleballet, for å vekke misunning hjå partnerane dei eigentleg ønsker å ta med til dansen.
Filmen er underhaldande og grei nok. Det er nok kjemi mellom karakterane, fargerike karakterar og fengjande musikk, for å nemna noko. Det skjer ingenting som overraskar, men ettersom eg har sansen for sjangeren og den enkle stilen, er det godt nok at filmen leverer ei føreseieleg kjærleikshistorie.
Drive Me Crazy manglar det ekstra for å skilje seg ut, og når ikkje opp til dei beste filmane eg nemnte i byrjinga av innlegg, men legg seg trygt på gjennomsnittet.