Driving Lessons - Filmdagbok

Driving Lessons 2006

Det tok litt tid før eg endeleg skjønte poenget med tittelen til filmen. At han har meir å seie enn berre å vise til dei få køyretimane hovudrolla Ben Marshall (Rupert Grint) har.

Filmen kviler hovudsakleg på skuldrene ti Ben Marshall og Evie Walton (Julie Walters). Dei er den kjekke kombinasjonen av eit stykke ungdom og ein gammal pensjonert skodespelar. For å avfeie det først som sist, dette er ingen ny Harold and Maude, sjølv om stilen og nokon av karakterane kan verke like. Spesielt bilen til Evie trekk merksemda min mot Harold and Maude tidleg, men det er nok berre ein hyllest.

Så, kva handlar filmen om? Ben er veldig sky, har ei vernande mor og høyrer til ein veldig kristen heim. Han får seg sommarjobb hjå Evie som hushjelp, assistent og venn, og blir pressa til å gjere ting som mora hans absolutt ikkje ville latt han gjere, som for eksempel å reise på overnattingstur i telt.

Dette er lun britisk humor, ein film som gir ei god kjensle, og har ei god blanding av engelsk natur og musikk, samt innspel av skotsk kultur. Han er til tider veldig flau, klarar å frustrere og er fin å berre sette seg tilbake i sofaen og nyte.