Hopp til hovedinnhold
Plakat for Drop Dead Fred (1991)

Drop Dead Fred

Film
3

Den store tenåringsfilmstjerna på 1980-talet, Phoebe Cates, spelar ei vaksen kvinne med ein oppdikta venn.

Drop Dead Fred er omtrent så midt på treet som film kan bli. Verken bra eller direkte dårleg. Innimellom slitsam, innimellom artig.

Eg kan ikkje anbefale filmen. Han gav lite, men klarte på ein måte å halde det gåande 90 minuttar til ende.

Phoebe Cates gjer ei grei rolle. Me følger ho på ein nedtur i starten, og filmen bygger greit opp mot høgdepunktet på slutten. Det er med andre ord litt driv, og driv kan ofte mangle blant betre filmar.

Kevin Lyons på The EOFFTV Review (eofftvreview.wordpress.com) meiner også Phoebe Cates er eit sympatisk midtpunkt, men saknar eit manus som slepper Rik Mayall skikkeleg laus. For han blir det ei rekke påfunn utan nok innhald til å binde dei saman. Eg sit heller ikkje igjen med mykje, sjølv om filmen klarar å halde eit visst driv. Dei artige augneblikka er der, men blir ikkje mange eller sterke nok til å gjere dette til eit minneverdig gjensyn.

Men sannsynlegvis gløymer eg filmen fort.