
Drop Dead Gorgeous
Kirsten Dunst konkurrerer mot blant andre Denise Richards og Amy Adams i Drop Dead Gorgeous om å vinne skjønnheitkonkurransen i den fiktive småbyen Mount Rose.
Filma som ein liksomdokumentar følger me jenta og nærmiljøet i tida før, under og etter konkurransen. Her skjer det drap og litt av kvart, men alt blir vinkla på lystig vis. Ingenting tar knekken på gleda til innbyggarane.
Alt som er opplagt gjennom dokumentaren er det ingen som reagerer på blant deltakarane og deira næraste.
Humoren treff meg ikkje heilt, og den liksomdokumentariske stilen er heller ikkje blant mine favorittframstillingar. Det er enkelte scener til å humre litt av, men i det store og heile er det ikkje så mykje å le av. Filmen har sine kvalitetar, og oppbygginga, skodespelet og andre filmtekniske delar er absolutt godkjent. Men det er enkelt og greit mi manglande interesse for framstillinga og komedien, altså ei smakssak, som trekk dette ned.
Den ufine tonen er sjølve styrken for Billie Mann på Classic & Camp Films (classicfilmreviews.blogspot.com). Ho meiner den mørke satiren og det sterke ensemblet gjer filmen til noko heilt særleg. Eg ser at skodespelet og forma er gjennomførte, men får ikkje same gleda av komedien. Dette er eit godt døme på kor langt det kan vere mellom å forstå kva ein film prøver på, og å ha glede av å sjå det.
