Hopp til hovedinnhold
Plakat for Druk (2020)

Druk

Film
4

Fire lærarar ved ein dansk skule lev ikkje altfor spennande liv. Då kjem ein av dei på at dei kan utføre eit eksperiment, som går ut på å konstant ha promille. Basert på ein norsk filosof sin påstand om at menneske er best med promille. Gjennomføringa av eksperimentet er både herleg og fælt å sjå på. Filmen utforskar alt frå høgdepunkta til konsekvensane, noko som gjer han til både komedie og tragedie.

Bernard Ozarowski på Loud and Clear Reviews (loudandclearreviews.com) rosar at filmen ikkje nøyer seg med ei enkel åtvaring mot alkohol. Han meiner utfallet blir meir nyansert, og legg vekt på det truverdige samspelet mellom dei fire vennene. Det er mykje av grunnen til at blandinga av komedie og tragedie fungerer. Me kan glede oss over oppturane utan at filmen gløymer prisen dei kan ha.