- Filmdagbok

Druk

Fire lærarar ved ein dansk skule lev ikkje altfor spennande liv. Då kjem ein av dei på at dei kan utføre eit eksperiment, som går ut på å konstant ha promille. Basert på ein norsk filosof sin påstand om at menneske er best med promille. Gjennomføringa av eksperimentet er både herleg og fælt å sjå på. Filmen utforskar alt frå høgdepunkta til konsekvensane, noko som gjer han til både komedie og tragedie.