Hopp til hovedinnhold
Plakat for Du bei dao (1967)

Du bei dao

Film
3

Filmen er òg kjent som The One-Armed Swordsman. Fang Kang (Yu Wang) sin far dør når The Golden Sword-klubben til Chi Ju-feng (Feng Tien) blir angripe. Som takk tar blir Fang Kang tatt inn under vengene til Chi Ju-feng som ein slags son og student i klubben.

I ung vaksen alder oppstår det ein konflikt mellom Fang Kang og tre andre studentar, og det endar med at Fang Kang rømmer frå klubben med ein arm mindre.

Du bei dao følger Fang Kang vidare på vegen til å bli ein god sverdmann, ikkje overraskande på nokon måte. Og innanfor typen avsløring det må vere lov å komme med i snakk om ein Shaw Brothers Studio-produsert film.

Filmen ser unekteleg pen ut. Det meste er filma innandørs, også det meste av eksteriørscenene. Dette har sin sjarm og skapar ei typisk filmstemning, i mangelen på betre ord. Det er flotte og godt laga eksteriørkulisser, og når filmstemninga alltid er der og minner på at dette ikkje er realistisk, så senkar det forventningane til realisme. Dette lettar noko på trykket, og eg har det lettare for å glede meg over dette som ein film.

Eg er unekteleg glad i det som forsterkar rollen til filmen som ein film, og synest at denne typen handverk, og for eksempel punktfotograferingsanimasjonen til Ray Harryhausen, er nydeleg.

Du bei dao baud på mindre slåsting og meir drama enn eg hadde rekna med på førehand. Det fungerte godt at historia tok seg meir tid til opplevinga til Fang Kang, og forsterka rolla til kampscenene i større grad. Det tok vel aldri heilt av, men alt i alt er dette ein god film.

Den varsame framdrifta er ein styrke for Michael S. Moore på Kiai-Kick! (kiaikick.com). Han meiner tida med Fang Kang og Xiao Man gjer valet mellom kamp og eit fredfullt liv meir interessant, og rosar Jimmy Wang Yu for å formidle smerta utan å overdrive. Det er mykje av grunnen til at dramaet fungerer for meg også. Kampane får meir vekt når eg først har fått høve til å forstå mannen som må kjempe dei.