
Du rififi chez les hommes
Den første filmen i Katakombefilm var denne franske kuppfilmen, der fire gentlemen skal rane ein gullsmedbutikk for nokon dyrebare smykke. Det som imponerte mest i filmen var halvtimen sjølve kuppet vart utført i, det var veldig spennande og utan dialog i heile tatt.
Resten av filmen var heilt grei, men gjorte ikkje nokon spesielle inntrykk på meg. Det er ikkje berre kuppsekvensen som er god, men også andre innslag. Songnummeret til Du rififi chez les hommes var også underhaldande. Nokon andre delar av filmen var i motsetning uinteressant tidsfyll.
Ransekvensen får også ros på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com), i oppsummeringa frå den same filmkvelden. Skribenten trekker dessutan fram den flotte fotograferinga, men meiner eit tynt plott og stereotype figurar trekker ned. Det er ikkje så langt frå mi eiga oppleving. Når sjølve kuppet er så spennande, blir det også tydelegare at resten ikkje alltid held på merksemda like godt, sjølv om filmen har andre vellukka innslag.
